HOTELL IVAR AASEN  HAREID HOTELL  SAGAFJORD HOTELL


VELKOMEN TIL EVENTYRLEGE SAGAFJORD HOTELL

Sagafjord Hotell ligg vakkert til ved Hjørundfjorden og med dei mektige fjella i Sunnmørsalpane som ramme ikring.

Plasseringa midt i fjord- og fjellandskapet som National Geographic i 2004 og 2009 kåra til verdas fremste reisemål, gjer Sagafjord Hotell til eit perfekt utgangspunkt for naturopplevingar som fjellturar, klatring, skiturar, kiting, seiling, kajakk-padling og fisking.

Hotellet er utforma som eit bygdetun med 8 frittståande bygningar - alle i tradisjonell og historisk byggeskikk. Her er store fellesareal både inne og ute for sosialisering med andre, men også høve til å stikke seg bort og finna roa med ei god bok eller nyte den spektakulære utsikta mot fjord og fjell.

Sagafjord Hotell er kjend for eit godt kjøkken med mykje bruk av lokale råvarer av høg kvalitet.

Enten du brukar Sagafjord Hotell som utgangspunkt for ferien din eller som treffstad for møter, kurs og konferansar, vil hotellet og naturen garantere deg storslåtte opplevingar.